Velkommen til Møre!

Vinter på Gjerå

Mathuset er det første huset Møre Frie Vikinar setter opp på garden Gjerå. Den står på en ringmur og er et stav-bygg. Bildet er fra 2013. Vegg og grastak har kome på sia den gongen.

Det blir ein aktiv vår og sommar i MFV.  To samlingar for byrdingane, dugnad, handtverksamlingar, samlingar for laget, to store  middelalder/vikingmarknadar  Leikvin og Borgund.  Skip og hus treng omsut.
På nettsidene våre fortel ganske mykje om kven vi er.  Vil du bli med ta kontakt med ein av fra styret.  Det fins medlemmer av laget i alle delar av Møre og Romsdal.

Av eigen klokskap treng ingen skryte, 
men halde tanken i taume.
Du kjem ikkje brått i beit når du 
driv vettig og ganske fåmælt i gardane.  
- Håvamål

Folk som møter oss for første gong vil legge merke til fokuset på handlingsbåren kunnskap.  Det er slik at når ein  sjølv kan laga det ein står og går i, blir ting meir ekte for ein sjølv og folk rundt ein.  Kva elles kan ein få lært å lage hos MFV?   Trefatet ein et av. Å lage maten og drikka ein har i seg.  For nokon huset eller teltet en sit i, som ein har fått vært med å lage. Båten, bogen,  sverdet, smykkene, runer, historie, eld, smedarbeid, musikk, medisinplanter og alt anna rundt kultur og tru hos vikingen.
Vi vil lage mest mogleg av ting sjølv, bruke dei og slik prøve forstå korleis vikingen såg livet rundt seg.  At ein samstundes møter mykje godt folk og får nye vener i livet styrker oss som personar og som lag.

«Ein kan ikkje noko før ein kan gjere det sjølv – og  forstår litt av kva ein har gjort!  Det er det vi held på med i Møre Frie Vikingar.»

– Sagt ved bålet på Meisingset, Nordmøre

Møre Frie Vikingar held til i heile Møre og Romsdal fylke.  Me har også medlemmer utanfor fylket.  Vi er vikingar av den frie sorten, som vestlendingar flest trivst vi best blant jamningar i venskap.

Hausten 2014 var det torv taket på mathuset laget har i Tresfjord som var den store utfordinga. Den er no på plass.  Handarbeidssamlingar for både dei nye og oss som har halde på nokre år.  Laget har ei fin blanding av ganske nye medlemmer og folk som har vore med i vikingmiljøet i Norge i ein mannsalder. Ei liste over kommande aktivitetar ligg nedst på nettsida.  Omtale om kva som har skjedd finn du under vår blogg.

Rådet og Høvdingen vonar du tek kontakt om det er nko du ikkje finn svar på.  Ta kontakt med Høvdingen eller andre i Rådet.

Nedst på sida vil ein alltid finne ei oversikt over kva som skjer innan hovud-aktivitetane til MFV framover. Men det skjer stadig vekk ein del som ikkje kjem med i oversikter. Vi er jo dei FRIE vikingane, så slikt er heilt normalt.

Torv på taket.

Torv på taket.

2 kommentarar to “Velkommen til Møre!”

  1. MFV 9. desember 2015 kl. 18:49 #

    Takk! PS! Blir meir informasjon om vikingtid etterkvart.

  2. Simon 27. november 2015 kl. 02:10 #

    Bra oppfrisking av infoen på nettsiden 🙂

Kommenter innlegget