Møre leidang

Det fleste hadde ikkje råd til alt dette kostbare utstyret. Men ei god øks måtte ein berre ha.

Møre leidang er Møre Frie Vikingar si blankvåpengruppe. Vi er mest å rekne som en bondehær.  Men bøndene måtte lære og slåss dei med.  Men dei hadde ikkje mykje tid til våpen leik som hirden til kongane. Dei  fleste i ein normal bondehær hadde ikkje råd til alt dette kostbare utstyret. Men ei god øks måtte ein berre ha.  Som viking frå 2014 har ein nok teke seg råd til litt meir utstyr enn det dei fleste hadde tilgang på den gongen.

En viking hadde våpen, og trening med desse var naudsynt.   Det var kvardagen deira. Møre Frie Vikingar held opplæring for medlemer som vil lære seg det grunnleggande innan bruk av blankvåpen.  Etter god grunntrening vil ein kunne få bruka blankvåpen.  Me sett tryggleiken til vikingane og tilskodarane høgt.  Våpna har ikkje skarp egg, men ved uvøren bruk kan ein fortsatt gjære skade.

Er en nyfiken og vil ha eit litt breiare bilete av korleis vikingane slåss. Kan ein anbefale boka Vikingar i Krig. Ikkje berre for at vår Jarl prydar framsida.  Det er rett ut i god bok om emnet.

Vil du vite meir så ta kontakt med Rådet.

 

Kampreglement

Treningsreglar for MFV

Desse reglane kan endrast av styret i samråd med hirdsjefen.

  • Hirdsjefen kan godkjenne ansvarlege trenarar.
  • For å kunne delta i blankvåpenkamp på MFVs treningar må ein ha fullført eit nybyrjarkurs i MFVs regi.
  • Ansvarleg trenar kan gjere unntak for gjestar eller nye medlemmer med erfaring frå andre blankvåpenforeningar.
  • Ansvarleg trenar har høve til å krevje at gamle medlemmar skal få ny tryggleiksgodkjenning.
  • For å kunne delta i blankvåpenkamp i MFVs regi må ein ha fylt 16 år. Er ein under 18 år vert det kravd skriftleg godkjenning frå føresette.
  • Ansvarleg trenar kan når som helst bortvise personar frå trening. Rådet skal få melding om dette på neste rådsmøte.
  •  Det er ikkje tillatt å drive nokon form for blankvåpenkamp i MFVs regi i berusa tilstand.
  •  Våpen som skal brukast i blankvåpenkamp i MFVs regi skal godkjennast av ansvarleg trenar eller hirdsjefen.
  • Påkravd tryggingsutstyr for blankvåpenkamp i MFVs regi er: hanskar, tannbeskyttar, hovudbeskyttelse (og suspensorium for gutar). Tryggingsutstyret skal godkjennast av ansvarleg trenar.
  • Trenar har ikkje høve til å godkjenne eigne våpen, tryggingsutstyr eller ferdigheiter, men må få dette godkjent av ein annan trenar.
  • Trenargruppa skal, dersom dei ikkje kan oppnå semje om ei konflikt i trenargruppa, overføre saka til rådet for eventuelle vedtak.
  • Reglane for blankvåpenkamp i MFVs regi gjeld i alle samanhangar der eit medlem deltek som representant for MFV, også utanfor eigne treningar.
  • Alle deltek på eige ansvar. MFV påtar seg ikkje ansvar for skade på folk eller utstyr.

 

Tillegg arrangementsreglar for kamp

  • Desse reglane kan endrast av rådet.
  • For alle kamparrangement i MFVs regi skal styret utpeike ein arrangementsansvarleg.
  • Arrangementsansvarleg er ansvarleg for: forsvarleg gjennomføring av arrangementet i tråd med MFVs vedtekter og profil, og kan sjølv stille dei krav han eller ho ønskjer innanfor desse rammene.
  • Høvding, jarl og hirdsjef kan saman ta mindre avgjerder om arrangement dersom dette ikkje kan vente til neste styremøte. Dette inkluderer utpeiking av arrangementsansvarleg. Rådet skal i så fall opplysast om dette i etterkant.
  • Arrangementsansvarleg skal gi tilbakemelding om arrangementet til styret.
  • Alle som deltar i kamptrening/kamparrangement må skrive under på at dei aksepterer desse reglane.