Årshjulet

Primstav eller rimstav er ein flat, stavforma kalender laga i trevirke. Frå Møre kjenner vi også til nemninga ringstav, fordi den elles rette staven der var ovalforma. Kalenderen er evigvarande (syklisk), fordi han ikkje inkluderer bevegelige helligdagar.

Nemninga primstav har samanhang med dei latinske uttrykka prima og primatia lunee, og det norrøne ordet prim. Det første ordet i tydinga gyldentall, som er årets nummer i den 19-årige månesyklusen. Dei to neste i tydinga månens nytenning. Gyldentall førekjem sjeldan på skandinaviske primstavar. Ordet prim er det norrøne ordet for nymåne.
Primstaven stammar truleg frå den endå eldre runekalenderen, som er kjent sidan 1200-tallet, men godt kan være endå eldre. Frå Norge kjenner vi til omkring 650 primstavar, som er datert frå slutten av 1400-tallet og fram til byrjinga av 1800-tallet. Primstaven var i bruk til det blei vanlig med trykte almanakkar.
Primstaven er typisk for Norge og Danmark. Den danske primstaven kan av og til ha streksiffer for markering av nyfasen til månen. Ein liknande kalender frå Sverige vert rekna som runstav og skiller seg ut gjennom at dagane vert markerte med runerada. Nokon tilsvarande kalender er ikkje kjent frå Island, men den danske streksiffertypen er kjent frå Tyskland og Mellomeuropa.

Primstav, rimstav, runestav eller ringstav som ein sa på Møre. Ordet prim er frå norønt. Det vart ofte brukt saman med dei 19 årlege månesyklusane. Då kristendommen kom til Noreg vart innhaldet endra. Men året er og blir eit hjul. Det viktigaste er de fire solfestane. Når sola står på sitt høgaste og lågaste, og når det er jamdøger om hausten og våren. Det er på dei fire festane Møre Frie Vikingar kan ta inn nye medlemmer.

Vinterblot og solsnu.
Me samlar oss i romjula. Mest fordi det er då kan folk møtast. Men dei som er innom Gjerå har si markering eiga markering på sjølve dagane då dei var.

Vårjamdøgner
Er et teikn på at ein må få gjort seg klar til sommaren. Alt en har fått lageta gjennom vinteren kjem fram.

Sumarblot
Medlemmer av laget er oftast på tur då. Rundt og treff frendar. Så då løfter vi våre glas mot det gode i livet og nyt samværet.

Haustjamdøger
Grøda har komme i hus. Ein har fått slakta. Vilt er  tatt og ein er klar for den lange vinteren. Dei ivrigaste starta alt då prøvesmake på årets vin av eple. Men det er nok litt for tidleg.

%d bloggarar likar dette: