Klær og sko

 

Herredrakt om ein treng noko å vakse inn i.

Herredrakt om ein treng noko å vakse inn i.

Eit lite utvalg av ting medlemmer i MFV har arbeid med. Dette er ikkje meint kursmateriell, men som smakebitar på både ferdig arbeid og kva ein gjær mens ein arbeider med slikt.

Vikingane i MFV kler seg aldri ut som vikingar. Vi, som andre i vikingemiljøet, kler oss opp som vikingar.  Tenk litt over den.

Ein veit frå mange kjelder at vikingen gjekk bra kledd. Noko utsmykking på kleda og mange fargar har ein og funne. Lin, ull, andre naturfiber og skinn vart brukt til klede. Å møte andre vikingar på tildømas marknader og lar oss sjå kor rikt og variert klesdraktene og skoa til vikingane var.

Skoa var oftast av skinn med solene av lær eller skinn. At ein hadde fotklutar er ein ikkje sikker på. Men truleg brukte ein mange av dei same løysningane ein finn tradisjonelt hos samar.

At birkebeinerane var så fattige at dei brukte bjørkenever rundt føtene for å holde varmen fortel om eit anna verkelegheit enn det vi har i dag.  Kva trælane fekk å kle seg i veit ein til dømes lite om. Gravfunna er frå rikfolk.  Reint praktisk ser ein også for seg at arbeidet som ligg bak ein kvadratmeter med ull og lin, mot kor mykje arbeid det er bak same areal med skinn eller pels, gjær noko med statusen dei ulike plagga får.     Dessutan må ein ikkje gløyme at vevnaden til seglet tok store resursar.

At livløpet til eit plagg var at det gjekk frå ein i hushaldet til ein annen og til truleg ende hos trælane når det var meir enn utslitt kan ein og rekne med. Slik sett blir ein i dag raskt litt luksus vikingar.  Vi går oftast i dei beste glede ein har også når ein held på med arbeid.

Skal du til med ein historisk spel er det ein god ide å ta kontakt med oss eller ditt lokale vikinglag. Ein ser at det blir tatt ein del snarvegar som ofte med enkle grep kunne ha endra til noko som var meir autentisk.

%d bloggarar likar dette: