Gjermundnes Vikingmarknad

teltleir1

Vikingmarknaden på Gjermundnes er staden vi møtes for å feire slutten på ein god marknadssesong.  Etter dette har vi da hatt markander både på Nordmøre, Sunmøre og i Romsdalen.

Litt nord for Vikebukt, i Vestnes Kommune ved Romsdalsfjorden ligg Gjermundnes Landbruksmuseum. Slik Gjermundnes ligg i naturen har ein god grunn til å tru at her var det mykje liv og røre også i vikingtida. Landbruksmuseet på Gjermundnes og MFV har i fleire år hatt år hatt eit lite vikingmarknad rundt haustferie tider. Det har blitt ein naturleg avslutning på teltsesongen – og dermed også vikingmarknadene.

Markedet har teke opp i seg aktivitetar som sal av handarbeid, ekte viking mat, bogeskyting, blankvåpenkamp mellom vikingar, sverdskule for born og framvising av ymse handarbeidsteknikar.

Som alltid på marknader vil det bli ein rekke aktivitetar både barn og vaksne kan ta del i. Velkommen.