Formål og Vedtekter

MFV Faner

Møre frie vikingar

  1. november 2005 vart det halde ting for vikingar på Helene Henriksen sin gard Gjerå i Løvikja, Tresfjord. Det vart bestemt å skipe eit vikinglag under namnet Møre Frie Vikingar (MFV).

Til stades var: Helene Henriksen (gift med Skafti), Skafti Helgason (gift med Helene), Helgi Skaftason (son til Skafti), Sindre Skaftason (son til Skafti og Helene), Lilja Skaftadottir (dotter til Skafti og Helene), Edvard Røkkum, Martine Røkkum (dotter til Edvard), Margit Yndestad, Arve Yndestad, Ylva Herfjord og Nikolai Bjørdalsbakke. Desse vert vidare omtala som skiparar. Under skipingsmøtet 13. februar 2007 vart det bestemt å føye til Marte Alvestad, Eldar Hildre og Arve Strand blant skiparane.

Vedtekter for MFV

  • 1 Formål

MFV skal vere ein aktiv interesseorganisasjon for folk med interesse for nordisk jernalder/norsk vikingtid.

MFV har som formål å spreie kunnskap om vår nordeuropeiske historie frå jernalder/vikingtid. Vi ønskjer å auke medlemmane sine kunnskapar om alle sider ved dagligliv i nordisk vikingtid, som handverk, kultur/folketru, musikk, mattradisjonar, idrett, våpenbruk (til dømes gjennom vikingkampgruppe) osb. Vi ønskjer å synleggjere laget ved å delta på marknader, festivalar og andre arrangement innan vårt nedslagsfelt, samt halde kurs/seminar o.l.

  • 2 Organisatorisk tilknyting

MFV er ein frittståande, sjølveigande “non profit” interesseorganisasjon utan religiøs eller partipolitisk tilknyting. MFV er innstilt på å søkje samarbeid med liknande lag og organisasjonar som til dømes andre vikinglag, historielag m.m., lokalt og nasjonalt så vel som internasjonalt. MFVs sete er i Møre og Romsdal, Norge.

  • 3 Oppbygging og styring av laget
  • 3-1 Medlemmer i laget

Alle som er interesserte i nordisk jernalder/norsk vikingtid og som aktivt ønskjer å delta og yte ved aktivitetar som laget driv med kan bli tatt opp som fullverdig medlem som viking (fri kvinne/fri mann) etter ei prøveperiode på minst seks månader som byrding. Ein kan bli byrding ved å sjølv søke laget om prøvetid.

Rådet behandlar søknader om å bli byrding. Opptak som viking skal vedtas av eit fleirtal av fullverdige medlemmar på ein av solfestane (jamdøger og solkverv). Opptak skal førast i tingboka. Vi ønskjer denne ordninga for å sikre seriøs søking til laget.

Alle stiftarar som deltok på ting i Løvikja 13. november 2005, samt stiftarar som er lagt til ved skipingsmøtet 13. februar 2007 er unntatt frå denne paragrafen. Desse er lista som skiparar.

  • 3-2 Administrasjon av laget

MFV skal ha eit råd (styre) som står for laget sine generelle administrative oppgåver. Rådet skal veljast demokratisk mellom laget sine fullverdige medlemmar, og alle fullverdige medlemmar kan veljast til rådet. Høvding, rådsmedlemmar, varamedlemmar og medlemmar til valkomite vert valde for to år om gongen, på ein slik måte at halvparten av rådet, varamedlemmane og valkomiteen er på val kvar gong. Verva høvding og jarl skal ikkje vere på val same året.

  • 3-3 Råd og verv

Rådet er MFVs høgste organ mellom ting, og skal i kraft av sine verv

  1. Administrere laget sin økonomi
  2. Utarbeide budsjett og rekneskap
  3. Ha ansvar for laget sin felles eigedom (utstyr o.l.)
  4. Ha ansvar for korrespondanse
  5. Organisere ting og andre samlingar (som fest ved merkedagar o.a.)
  6. Arrangere kurs o.l. i regi av laget
  7. Ta seg av andre administrative oppgåver som laget ser som rimelig å leggje til rådet.

Rådet skal minst innehalde verv som:

Høvding (styrar)
Jarl (nestleiar)
Skrivar (sekretær)
Bodbærar (PR-ansvarleg)
Kjøkemeister (arrangementsansvarleg)
Læremeister (kursansvarleg)
Skattmeister (kasserar)
Hirdsjef (kampansvarleg)

2 vararepresentantar, som også fungerer som valkomité

Rådet skal halde rådssamlingar når høvdingen eller eit fleirtal av rådets medlemmer krev det. Høvdingen er ordstyrar under rådssamlinga. Det skal førast ei eiga rådsbok på desse møta.

Rådet er vedtaksført når minst halvparten av rådet sine medlemmer er til stades på rådssamlinga. Vedtak skal gjerast etter avstemming og med fleirtal av røystene. Ved likt tal på røyster tel høvdingen si røyst dobbelt.

  • 3-3-1 Val av råd

Råd kan normalt berre veljast på ting eller om nødvendig på ekstraordinært ting. Kasting av rådet mellom ting kan berre gjerast på ekstraordinært ting ved avstemming med to tredelers fleirtal av gyldige røyster.

Fullverdige medlemmar av MFV kan gjere framlegg om og verte kandidatar til verv i rådet. Valbare kandidatar skal gjerast kjende for alle røysteføre medlemmar, og det vert halde val ved røysting på dette viset:

Det blir avgjort stad til valplass, og ein set ned ei merkestong. Fullverdige medlemmar går fram til merkestonga når det skal stemmast inn verv. Den valde legg av eid ved å halde i merkestonga.

  • 3-4 Røysterett

Alle fullverdige medlemmar har røysterett på ting, ved val av råd og ved andre avgjerder som rådet bestemmer at det skal røystast over. Ingen har meir enn ei røyst, og røysting kan ikkje skje ved fullmakt.

  • 3-5 Ting

Ting (årsmøte) skal haldast kvart år ved vårjamdøger, i perioden mellom 1. mars og 15. april.

Rådet kallar inn til ting med minst ein månads varsel, direkte til medlemmane eller ved kunngjering i pressa. Saker som skal gjennomgåast på ting må vere innsende til rådet skriftleg minst to veker før ting. Fullstendig saksliste skal førast og må vere tilgjengeleg for medlemmane seinast ei veke før ting.

Alle fullverdige medlemmer har høve til å delta på ting med tale- og røysterett. Byrdingar har høve til å delta med talerett, men har ikkje røysterett. Andre personar og instansar kan inviterast til å vere til stades som gjestar.

Det skal veljast ordstyrar som skal leie tinget. Det skal førast ei eiga tingbok. I denne boka skal det også førast opptak av byrdingar og vikingar gjennom året.

Tinget er vedtaksført med det tal røysteføre medlemmar som møter. På tinget kan det ikkje handsamast framlegg om vedtektsendringar som ikkje er oppførte på sakslista seinast ei veke i førevegen.

Tinget skal:

  1. Godkjenne innkalling
  2. Gjennomgå lagets årsmelding
  3. Gjennomgå lagets rekneskap i revidert stand
  4. Gjennomgå innkomne saker etter saksliste og evt. gjennomføre røysting over desse
  5. Fastsette kontingent for kommande år.
  6. Velje råd for kommande år. Benkeforslag vert godtatt.
  • 3-6 Ekstraordinære ting

Ekstraordinære ting kan haldast når rådet bestemmer det, eller minst to tredeler av dei røysteføre medlemmane krev det.
Innkalling skal gjerast på same måte som for ordinære ting, med minst 14 dagars frist.
Ekstraordinært ting kan berre handsame og vedta dei sakene som er kunngjort i innkallinga.

  • 4 Kontingent og andre kostnadar

Kontingenten skal fastsettast av rådet på ting og betalast i løpet av førstkommande Þorri, altså mellom 13. januar og innan utgangen av februar.

Vikingar over 16 år betaler full kontingent. Vikingar under 16 år reknast som barn, og betaler halv kontingent. Familiemedlemskap omfattar foreldre samt barn under 16 år.

Medlemmar som skylder kontingent for meir enn eitt år har ikkje røysterett eller andre rettar i laget, og rådet kan stryke dei som medlemmar. Om eit medlem vert stroke på grunn av manglande innbetalingar, må det betale personleg kontingent for føregåande år, samt årets kontingent som enkeltperson eller familie, for igjen å vere fullverdig viking i MFV.

  • 5 Vedtektsendring

Endringar i desse vedtektene kan berre gjerast på ordinært eller ekstraordinært ting etter å ha stått på sakslista, og det vert kravd to tredeler av dei gjevne røystene.

  • 6 Oppløysing (§ 6 kan ikkje endrast)

Oppløysing av MFV i den form laget er skildra i dette skrivet kan berre handsamast på ordinært ting. Vert oppløysing vedteke med minst to tredeler av røystene skal det kallast inn til ekstraordinært ting tre månader seinare. For at oppløysinga skal skje må vedtaket her gjentas med to tredelars fleirtal. Siste ekstraordinære ting fordeler eventuelle midlar til verdige trengande.

 

…..

 

(Oppdatert etter tinget 2016)

%d bloggarar likar dette: