Bli medlem

Om du ynskjer medlemskap i MFV kan du ta kontakt med Høvdingen Arve Yndestad, eller Jarlen Skafti Helgason. Du kan og ta kontakt med andre medlemer av rådet, eller andre i vikinglaget og få eit søknadsskjema som du leverer tilbake, så skal vi kontakte deg. Vi har såkalla byrdingssamlingar der du får oppgåver som skal løysast, og viss du vert godkjent som byrding (prøvemedlem) er du det i minimum eit halvt år. Du får råd og vink om kva du treng for å kunne fungere i vikingmiljøet.

Alle har felles ansvar for å drive laget, og du får oppgåver av vikingane. Rådet vurderer byrdingane etter yting til laget, dugnadsarbeid og oppførsel og tilrår om ein skal bli viking. Velkomen skal du være.

Opptak og oppgåver for å bli byrding.

Å og bli ei”fri kvinne”, ein “fri mann”

Byrdingar var mindre skip brukt som fraktebåtar i kystfart. Kanskje var byringane på 10 – 15 roms storleik. De kunne også bli brukt til havkryssingar,  til dømes fra norskekysten til Færøyane eller til Island. Dei kunne også inngå i hærflåtane som proviantskip.

Ordet “byrding” har påfallande likskap med vår tids omgrep “-børing”, som er brukt om til dømes “fembøringen” i nord-Norge og “sambøringen” frå Sunnmøre. Ulikskapane mellom karvar og byrdingar kan ikkje ha vore stor, der byrdingen nok var den minste av desse.

Som namn på “lærlingane” i laget, er det blitt vald å bruke tittelen “byrding”.

Det er minimum eit halvt års “lærlingetid” for å bli tatt opp som viking. I denne perioden er ein då byrding. Tida er meint for kvar enkelt å sjå om dette er noko ein interesserar seg for og vil leve som “fri kvinne/mann” i laget.  Opptaka skjer på solfestane etter handsaming i rådet.

Byrdingen får alle fire dugleiks oppgåver.  Lag deg ei skjei, ein pose, ei slynga snor og eit fat av tre. Rådet kan og velje å godkjenne anna arbeid som viser at ein duger.

 

%d bloggarar likar dette: