Jol

Ein gong rundt år 900 skreiv skalden Torbjørn Hornkløve “Haraldskvadet”.

Úti vill jól drekka,
Ef skal einn ráða,
Fylkir enn framlyndi
Ok Freys leik heyja;

Jule drikk han ute
om han ene får rå,
den framlynte fyrste
og leikar Frøys leik;

Det er den fyrste skriftlege kjelda om Jul.  Ordet kjem frå norrønt Jól eller Jólablót.  Ein feira offerfeiringa på midtvinterdagen.  Den var norrøn tid 12. januar – 28 dagar etter vintersolverv.

Håkon den gode

På 900-tallet satte Håkon den gode 25. Desember til tida for feiring av jul. Det fell samman med den kristne høgtida som blei feira over hele Europa.  Eit klart grep for å stoppe dei gamle tradisjonane. Målet var å kristne Norge. Når noko har eit bra rykte er det «Ein god grunn» til å ta over namnet.  Jula vart kristna.

Kvifor feira vikingane jol?

freyr_art

Frøy – og Slidrugtanne.  Grisen som ble spent foran en kjerre. Dei kom seg fint fram til lands, havs og i luften. Den hadde og tilnamnet Gyldenbust.

Slidrugtanne

Nokon hevdar at det var for å ære Sola.  Ho snudde og kom attende i dei dagane. Andre talar varmt for at ein heidra guden for fruktbarhet Frøy. Eller begge gudesøskena Frøy og Frøya.

Somme meine at ein heidra dei døde.
Eller vart det som i no for tida. Ein fin blanding av alt

Det som var blei til noko anna.

Riten blotet forsvann med tida. Men andre riter og tradisjonar endra form. Å sette ut graut til nissen har ganske så truleg sitt i et offer til førfedrane i gravhaugane.  Det gjaldt da som no å halde seg inne med alle vesena både over og under bakken.

Blotet. Ei samla folk til midtvinterfest som varte i oftast tre dagar. Ein levde godt, drakk øl og ein blota til gudane.  Eit blot er å vise takksemd og vilje.

Når ein drakk jol og hygga seg måtte ein ta høgde for dei mørke kreftene.  Dei var mitt vinters dagane var korte. Oskoreia, eller bare Reia, er namnet på eit følge av døde, illgjerningsmenn og trollpakk.  Eit skremmande følge som ikkje berre skremde folk, men også var ute etter buskapen på garden. Skikkane vart omdanna og lagt til mellom anna den kristen Lussia. Lussinatta, den 13. Desember, måtte ein særlig akte seg.

Geitebukkane til Tor finn ein igjen som både halmbukkar, å gå julebukk, ulike julespel kor bukken slaktas og kom til liv igjen.

Til blotet vart ein pålagt å brygge øl til dei norrøne gudane.  Etter kristninga var ølet signa i Jesu og jomfru Marias namn.  Truleg smakte ølet like godt. For julebukken ble endra til en folk som klede seg ut, ofte som bukkarm og fekk trua / lokka / tigga til seg ein dram eller godt øl. Det var ikkje god skikk å ikkje by på det ein hadde. Da som no

I Håkon den godes saga fortel Snorre Sturlason:

«Han (Håkon) gjorde det til lov og jula skulle ta til på samme tid som hos kristne folk, hver mann skulle holde øl av ett mål malt, eller også legge bøter, og helg skulle holdes så lenge ølet varte- Før hadde juleholdet tatt til ved hokunatt («hoggenatten»), det var midtvintersnatt (12. januar), og så holdt de jul i tre netter…»  (c) Wikipedia

I same saga blir jul referert til både som en fest og en tidsperiode:

Juleblotet besto av eit stort, felles måltid som besto av via kjøtt frå offerdyra og heilag drikke i form av signet øl, og nokre gongar mjød.  Ein hadde behov for feit mat.  Og det å sitje saman med frender og vener i den mørkaste vinter tida. Kjenne på samhaldet og gleda.

Grisen var Frøys heilage dyr. Så grisesteika sto på bordet i Norrøntid.  Og framleis serverast det svinesteik som julemat i store deler av Norden.



(c) Bildet av Frøy er henta frå: https://no.wikipedia.org/wiki/Fr%C3%B8y#/media/File:Freyr_art.jpg

%d bloggarar likar dette: