Kva skjer?

2017 – Hausten

– Kontaktinformasjon til medlemmar i MFV Rådet.

Medlemer vil bli spurt om ulike dugnader på FaceBook sidene til MFV.  Styret voner de kan stille. Dugnad treng ofte godt vær.  Difor kjem det meldingar kort tid før dugnad. Så følg med. Ved, gjerde rundt plassen og vedlikehold med meire.

Samlingar på verkstad i Ålesund torsdagar.  Ta kontakt Arve Yndestad, Høvding for meir info.

Krigarane vil ha samlingar for å sy hanskar  og trene.   Ta kontakt med Øyvind Yndestad for meir info.

Hausten 2017

Då er haustens plan satt. Det vert godt med aktivitet og det er viktig at folk melder seg på.

Vikingmarknad Nordfjord 14-16 september.Påmelding til Arve Yndestad.

Vikingsamlingar,byrdinghelgar, helga 28 og 29 okt og så helga 18 til 19. nov. Her må ein rekne med å være med og dele på kostnad med felles mat. 
På Gjerå i Løvikja. Påmelding til Skafti Helgason

Helga 7 til 8 Oktober Minivikingmartnad på Gjermundnes Påmelding til Petter Ose

Det vil og bli aktivitet hos Edvard og Kristin.  Følg med på Venner Møre Frie Vikingar på FB for info.

Påminning kjem når aktiviteten nærmar seg.

 

 

 

ARKIV

2016

9. Januar
MFV sit Juleblot / Mittvinterfest på Gjerå.
MFV planlegg ei byrdingshelg hos Edvard på Meisingset i løpet av våren. Edvard kjem med tilbakemelding om tidspunkt som passar.

15.-17. April – Avlyst.
Det vart foreslått å arrangere eit kurs i matlaging på Gjerå med Margit som lærar,  for å auke interessa og kompetansen innafor dette i eige lag.
– Margit må avklare en del detaljar først.  Vi vil komme tilbake med meir info.
NB!  Dette kurset har ein måtte flytte i tid.  Ny dato kjem.

23. April
MFV held ting for medlamar på Gjerå.

7. og 8. Mai
Kom i gang med å sy deg utstyr!
Invitasjon til hettehelg. Vi syr og koser oss med 12 timers studiering tema hettelaging helga 7. og 8. mai. Pris kr 200 for medlemer 300 for andre (dekker husleie på Landbruksmuseet+ te/kaffi). Ta med det du trenger av stoff og utstyr, så utveksler vi tips, ideer og erfaringer. Du kan selvsagt sy andre plagg også om du ønsker. Håndsøm eller på maskin etter eget valg. For de som trenger det stiller vi med gratis overnatting i Løvikja som vanlig, men beregn en hundrelapp til felles måltid lørdag kveld.    Påmelding til vikingliv@gmail.com

27.-29. Mai
Leikvin Vikingfestival. MFV

4.-5. Juni
Sunnmøre Middelalderfestival, Borgundgavlen. Meir om festivalen.

12.-14. August
Bakketunet, Kjerringkjeften, Bjørke. MFV gjengen storkoste seg på Bakketunet i 2015, og det skal vi i år med.

15.- 18. September
Vikingmarknad på Nordfjordeid.  Med barnehageungar på torsdag og barneskule-elevar på fredag.  Vanleg marknad laurdag og søndag.  Elevar ved Vikingliv-linja på Fjordane Folkehøgskule blir med.

14.-16. Oktober
Minimarked påg Gjermundnes.

29.-30. Oktober
Byrding syhelg. Hjelp med sying av klær. Samling i regi av gjengen i Brattvåg. Ta kontakt med Marte Alvestad for mer info.

TBA (To Be Announced)
Buksekurs – Helene – Gjermundnes.

TBA
Mjødbryggekurs – Nordfjordeid – Invitasjon fra Fjordane FHS og Nordfjordvikinglag.

TBA
Byrdinghelg – Ferdigstille kister og andre byrdingoppgåver Gjerå. Husk 200 kr for materiell til kister.

TBA
Dugnad på Lags-garasjen.  «Stallen» på Gjerå treng ny takpapp.

2015

Utsatt Vedhelg – Samling på Gjerå for å hugge ved og lage vedhus.

6.-8. Mars – Bein, Gevir og Hornkus i regi av Jurgen Wegter og Vikingeliv.  Sjå meir info lengre nede.

18. April – MFV Tinghelg.  Tradisjonelt ting/årsmøte.  NB! Husk betalt kontigent.

9. Mai – Skokurs helg med Øyvind Yndestad. Tesfjord.  Meir info kommer.

30. – 31. Mai – Vikingemarked MFV, Leikvin i Sundal, Nordmøre Museum.  Leikvin info in english.

20. Juni – Kjerringkjeften vikingmarknad MFV.  Bjørke – Bakketunet – Innerst i Hjørundfjorden.  Meir info kjem.

22. August – Helgesamling for MFV oppe hos Edvard på Meisningset, Tingvold. Teltleir og langhus.
12. – 13 September – MFV arrangerer Vikingmarked på Nordfjord i samarbeid med Eidamessa.
10. – 11. Oktober – Helg i Høstferien – Minimarked på Landbruksmuseet på Gjermundnes.

4.-6. Desember – Byrdinge og Handtverksamling på Gjerå. Meir info på FB

Denne våren er det å få tettet og malt mathuset laget har i Tresfjorden som er den store utfordinga.  Vedhus og kaping av ved må vi bare fåt gjort om vi ikkje vil fryse.

Handarbeids samlingar for både dei nye og oss som har haldt på nokre år.  Ein del medlemer samlar seg til helge samlingar heime hos kvarandre.  Dei i Ålesund samles torsdagskveldar ned på Sunnmøre Museum. Der kan ein og jobbe med trearbei sidan ein får tilgang på vekstadene.

Blankvåpengruppa vil ha eigne samlingar. Dei vil bli avtalt internt.

Bein og Hornarbeidsamling blir det arrangert et kurs i helga 6. og 8. mars.  Jurgen Wegter er i samråd med Skafti sitt firma Vikingeliv.

Vikingeskipet.  Facebook sidene til MFV vil varsle når vedlikehaldet og bruken av Bjarka startar.  Ein veit aldri heilt med været på Sunnmøre.  Målet er å få med oss ho tilbake til Bjørke i godstand til 20. Juni.

Vi har fått fleire byrdingar denne vinteren.  Ein voner å få til eigne samlingar der dei får starte på byrdingeoppgåvene sine og bli kjent med resten av MFV iløpet av våren.

Rådet og Høvdingen vonar du tek kontakt om det er noe du ikkje finn svar på.  Ta kontakt med Høvdingen eller andre i Rådet.

Bein gevir og horn kurs

Stad og tid. Fredag 6.3 til Søndag 8.3 På Gjerå i Vestnes kommune og landbruksmuseet Gjermundnes.
Kursavgift kr 500. for medlemer av MFV og Medlemer av Trondheim vikinglag. kr 600 for andre. 

Materiale er inkludert i kursprisen. ( Ta med cash )
Kurset vert gjennomført for det meste med handverktøy. 

Det du trenger er: 
Lita Øks
Baufil (Kan godt være brukt)
Løvsag
Kniv/og skrapstål vis du har, her kan du gjerne og bruke knust glass
Sandpapir tar kurshaldar med seg. (juks, vi skal helst bruke kniv og skrapestål) 
For spørsmål om verktøy ta kontakt direkte med Jurgen

Oppmøte fredag 6. 3 før kl 19.00 på Gjerå i Løvikja Vestnes kommune. Då vert det gjennomgang av materiallære og om bruken av verktøy. Og så forsetter vi med kurset laurdag morgon kl 10. på verkstedet til Landbruksmuseet på Gjermundnes. Husk å du må ha med deg niste for dagen. Kaffi koker vi.

Felles middag laurdag kveld i kokehuset. kostnad ca kr 60 pr pers.
Bindande påmelding til vikingliv@gmail.com snarest. Det er plass til 12 deltakarar. Først til mølla!

 

Ein kan ikkje noko før enn kan gjære det sjølv! 

Kokhuset på Gjerå i Løvika. Vi gler oss til torvtaket kjem på plass.

Kokhuset på Gjerå i Løvika. Vi gler oss til torvtaket kjem på plass.