Gjerå

Me lika å kalle Gjerå for vårt vikingreservat.  Dette er plassen ein kan trekke seg tilbake til og vere viking. Og då berre viking, og ikkje noko anna.

I Møre og Romsdal er det etablert eitt vikinglag, Møre Frie Vikingar.  Gjerå ligg i Løvika i Tresfjord.

Gjerå er også heimebasen til kampgruppa til Møre frie vikingar, Møre leidang.  Også Langbogelaget Skade møtast her.

 

Mathuset er det første huset Møre Frie Vikingar set opp. Den står på en ringmur og er eit stav-bygg. Vår læremeister Edvard Røkkum har ei god hand i dette prosjektet.

Mathuset er det første huset Møre Frie Vikingar set opp. Den står på en ringmur og er eit stav-bygg. Vår læremeister Edvard Røkkum har ei god hand i dette prosjektet.

Det er mange grunnar til at Gjerå vart vårt vikingreservat. Vestnes kommune er geografisk sentral i fylket.  Eit viking-reservat tek plass. På Gjerå-garden her ein plass til å få sett opp langhus, hestehald, småhus og teltleir. Trekt noko unna resten av sivilisasjonen trivast ein.  Ein vonar at det vil kunne vere samlande for vikingar.  Ein har moglegheiter for verkstad for historiske handverk som mellom anna trearbeid, garving, horn og bein og matlaging. Laget har medlemmer som er handverkarar, arkeologar og andre historisk interesserte menneske som vil prøve ut slikt.  Historia er noko som er levande og bur i oss.  Den viser seg i alt det utøvande ein gjer.

Levande historie, og etablere levande arkeologisk, historisk miljø med utprøving av teoriar. Ein kan støtte etablering av levande historisk handverksmiljø og levandegjere lokal historie på ein spennande måte. Gjennom deltaking på marknader får resten av fylket ta del i det arbeidet som blir gjort på Gjerå.

Ein gong i framtida vil vi arrangere fylkes-, og eventuelt noregsmeisterskap i bogeskyting, historiske bogar, arrangere historiske festivalar og ta mot reisande vikingar samt lokale historiske handverkarar sentralt i Møre og Romsdal. Det gode er å kunne dele det ein har lært.

Vikingreservat på Gjerå vil, når det står ferdig, kunne gje gjennomreisande, turistar og lokalbefolkning ei ekte kultuhistorisk oppleving.  Området er ikkje til dagleg ope for vitjing.  Ta kontakt med Skafti Helgason om ein vil innom.

Vikingliv

Skafti Helgason, vår Jarl, er dagleg leiar av Vikingliv.  Gjerå er Helene Henriksen sin slektsagard.  Vikingliv har etablert samarbeid med kommunar og arrangerer kurs for barn og ungdom.  Vestnes kommune, Gjermundnes vidaregåande skule, Landbruksmuseet for Møre og Romsdal på Gjermundsnes og er andre gode sambeidspartnarar me er taksamme for å ha med oss.

Vikingliv har og tatt mot andre bedrifter, friluftsfolk og organisasjonar. Ungdomar med såkalla problemåtferd, og skuleelevar elles, treng meir å kjenne og ta på, og å prøve og sjølve gjere jobben.  Me har tru på at dette er ein god måte å få kontakt med historia og seg sjølv.

Vi har ikkje lagt ut kart over korleis ein fin plassen.  Ta kontakt med Skafti eller eit anna medlem av Rådet om en vil ta seg ein tur innom.