Mat og brygg

Veit du ein ven
som vel du trur,
og du hjå han fagnad vil få:
gjev han heile din hug
og gåva ei spar,
far og finn han ofte.

– Håvamål

Mat på vikingvis.

Mat på vikingvis.

 

Vikingen likte dei gode smakane og hadde næringsvett. Ein lang vinter kravde at ein både kunne brygge, bevare maten og dryge maten. Det var inga sjølvfølgje at ein var mett.  Derfor sette ein enda meir pris på blota og dei andre festane om vinteren og dei siste godbitane ein hadde i vårknipa.

Margit Gudrun Schöneburg Yndestad er den av oss som er mest kyndig i korleis vikingane laga mat. Kokehuset på Gjerå vil, når det står ferdig, gje oss moglegheit til å utforske enda meir av kva som var mogleg.

Eit lite innblikk  i koking i vikingtida.

Kokegroper har ein også brukt før vikingtida. Oppvarma steinar, innpakka kjøtt og fisk – og eit isolerande lag med torv over. Det heile står nokre timar.  Saftig blir det om en gjer det på rette måten. Gryte og hellesteking vart oftare nytta enn kokegrop.  Men kjem du over nevestore stein i marka som lett smuldrar når en kakkar dei saman kan du rekne med at dei har vore brukt ved eit bål.  Vår Jarl, Skafti, har gjort det til ein vane å leggje ein mynt saman med dei nye kokegropene me lagar.  Slik kan arkeologar i framtida vite at det var folk frå vår tid som hadde laga akkurat denne kokegropa.

Graut og velling vart laga på dei kornsortane ein hadde tilgang på. Bygg og havre var dei mest brukte. Om en ikkje hadde mjølk og ikkje hadde lyst på vassgraut kunne en prøve med øl i gryta. Vikingen kunne og finne på å slenge opp i noko kjøtt, flesk eller bacon med grauten. Ein hadde i liten grad tilgang på sukker – og honningen brukte ein heller til mjød og andre godsaker.

Idunn hadde nokre eple som gav liv til dei norrøne gudane.  Vanlige eple held seg langt utover vinteren. Dei gamle sortane var syrlege og heldt seg lenge. Ein kokte dei gjerne til ein god stuing, eller bakte dei. Godt var det. Sett ein til litt urter blir det ekstra godt.

Ein hadde ikkje poteter. Jordskokk, kålrot, nepe og lauk trengte ein plass, t.d. ein jordkjellar som ikkje fraus, for å halde seg.  Koker ein kålrota godt og lenge vil ein oppleve at sukkeret omdannar seg slik som i overkokte gulrøter. Alt som er søtleg er godt, og får ein lurt med litt fløte eller rømmekolle er det berre å ete sakte og nyte livet.

Fisk var det vanlig å tørke.  Klippfisk er salta, og vart først lært oss av Jappe Ippe fra flatbygdene i Nederland mot slutten av 1600-talet. Slikt er altså nymotens mat.

Ein tørka kjøt og fisk etter beste evne. Noko av den maten vart truleg også behandla litt på same måten som rakefisken.  En prøver å få til ein sakte prosess med så lite tilgang på eldstoff som råd er.  Oksygen skynder på prosessen.  Den vesle teven av ammoniakk som vi får i noko av denne maten er ein vanesak å få brakt til naseskaftet før det går inn i munnen. Frå Island har en tatt spekk frå hai og behandla han over 12-15 år. Konsistensen, smaken og lukta er vaksen, men forunderleg nok er det ein del ungar som også likar dette.

Hestekjøtet har ein viktig plass under blotet. Hesten var meir enn eit dyr.  Sjølv Odin hadde hest. Sleipner hadde åtte bein. Oppskrifter er det ikkje alltid lett å finne på slik mat.  Men om dei tok med seg skikkar, trelar og andre godsaker frå vikingferd kan en vel rekne med at det å marinere hestekjøtet i vin eller honning vart prøvd. Anna vilt som hare, hjort, villsvin, rådyr og elg vart godt nyta. Både som mat og sområvarer. Hud, skinn, bein, gevir og hovar kunne brukast til så mangt.

Når bjørnen vil legge på seg tek han for seg av blåbær og anna søtt. Vikingen nyta dei vanlege bærsortane, frukt, rabarbra, rogn, og alt anna som etast kan, truleg til vin og andre godsaker. Druer kjende dei og til. Leif Eriksson sitt Vinland er meir enn ei myte.  Dei drueslaga har ein i Amerika fortsatt.

Ekornet Ratatosk sprang opp og ned asken Yggdrasil. Truleg så vart han vel freista til å legge vegen innom eit hasseltre på leit etter nøtter inn i mellom. Vikingen let seg og freiste. God og næringsrik mat.  Men det er arbeid å sanke slikt. Matauk kom ikkje tå seg sjølv. Ein måtte kaste seg rundt når tida var der.  Me er heldige som kan ”plukke” mat med Visakort når som helst.

 

Vil ein vite meir om matkultur i vikingtida så ta gjerne kontakt med oss i Møre Frie Vikingar.

Margit er den av oss som før om åra har laga etegilde for både vikingar og vanleg folk.  Er de så heldig at de får ja frå ho til å koke så er det bare å glede seg.

… det kjem meir om brygging om eit bel.